CERT/SSH

From Programvareverkstedet
Revision as of 15:33, 10 May 2020 by Torsteno (talk | contribs)
(diff) ← Older revision | Latest revision (diff) | Newer revision → (diff)

PVV anbefaler alle sine medlemmer å bruke ssh (Secure Shell) i størst mogleg grad. ssh krypterer alle data, og auker sikkerheiten for både deg som brukar og systemet som heilheit. PVV har tidlegare vore utsett for innbrot, der inntrengaren hadde snappa opp passord ved å lytte/lese ukrypterte data. Telnet, rsh og pop er vanlege applikasjonar som alle overfører data ukryptert, og det er difor lurt å kryptere eller unngå desse så mykje som mogleg. Disse ukrypterte alternativene skal i teorien være blokert på PVVs maskiner, ta kontakt med drift eller CERT om dette ikke er tilfellet.

SSH er installert på alle PVVs maskiner, og stort sett på alt som finnes av Unix-maskiner ved NTNU. Dersom du ikkje finn ssh på systemet du bruker til dagleg, ta kontakt med systemansvarleg og spør kor det finnes, evt. be han/henne installere det. SSH for Unix er gratis for ikkje-kommersiell bruk.

For Windows finst det ein rekke kommersielle og gratise versjoner. Denne har NTNU lisens på for studentar og tilsette. Kontakt orakeltenesta for å få tak i den.

Det finst også versjonar, både gratis og kommersielle. Vi vil legge ut fleire lenkjer dersom vi finn fleire versjonar. Vær merksam på at desse kan vere beta-versjonar og derfor ikkje fungere optimalt. Vi har ikkje testa alle, og garanterer ikkje at dei virker - men vi er særs glade for tilbakemeldingar!

Ver obs på at spesielt USA har særs strenge reglar for eksport av krypto-programvare til land utanfor USA/Canada. Det er ditt eige ansvar å sørge for at desse reglane ikkje vert brote. På det skrivande tidspunkt fører alle lenkjene nedanfor til stader utanfor USA eller til stader med lenkje til nedlastingsserver utanfor USA. Dette kan endre seg, så les nøye kva som står på sida.

For en liste over tilgjenglige SSH klienter til forskjellige OS, se på Innsidas siden om SSH klienter