Drift/DNS og dvask

From Programvareverkstedet
Revision as of 13:43, 8 April 2010 by Lykkebo (talk | contribs)

Dvask er ein microVAX frå eit par år før nittenhundre-og-bil-og-bue, og er derfor treg. Siden Dvask er så spesiell likar vi likevel å behalde den, og har derfor satt den til å gjere det einaste den potensielt kan klare i eit moderne nett: være nametenar.

Det er opptil fleire tilnærma like irriterande måtar å prate med dvask på, sortert stigande etter år det tar å få gjort noko på dvask er desse: minicom via horisont (akkurat no i det minste). su til root på dvask, køyr 'minicom' og trykk enter eit par gongar. Om dvask er emo og ikkje svarer kan du forsøke å sende ein break (CTRL+A, F), som tar deg til mikrokode-debugbmodus, for så å skrive cont<enter> for å fortsette. Ofte vil dette føre til at dvask gir deg ein loginprompt.

SSH. Det er og mogleg å prate SSH (fortrinnsvis v1 sidan det vert litt mindre beefy krypto for pateti^W stakkars dvask å kverne. Logg inn som root.

Når du så endelig har prestert å logge deg inn på dvask (den kjem nok til å mase om å vite kva terminal du brukar-- xterm funkar fint her, eller du kan skrive VT-102 om du føler deg old-school), kan du endre sonefilene.

dvask køyrer named, og dei aktuelle filene ligg i /etc/namedb. For å legge til eit record sjekkar du ut pvv.m4 (co -l pvv.m4), gjer endringa di (hugs å inkrementer serial!), sjekkar inn fila (ci -u pvv.m4) og køyrer make. Dette tar typisk frå ein til to månesykler, så du har no tid til å skrive ferdig masteren. Etter langt om lenge er make ferdig og tailer så syslog for å sjekke om du kåla til ting. Dersom du ikkje ser feilmeldingar kan du anta at ting gikk greit og logge av.