Tjenester/Epost/IMAP POP3: Difference between revisions

From Programvareverkstedet
No edit summary
No edit summary
Line 16: Line 16:
== Pine ==
== Pine ==
Dette er ~/.pinerc-syntaksen for å legge til PVV-imap i folderlista di i Pine: <pre><nowiki>
Dette er ~/.pinerc-syntaksen for å legge til PVV-imap i folderlista di i Pine: <pre><nowiki>
# Innboks
inbox-path={imap.pvv.ntnu.no/ssl/novalidate-cert}INBOX
# alle dei andre
folder-collections={imap.pvv.ntnu.no/ssl/novalidate-cert}[]
folder-collections={imap.pvv.ntnu.no/ssl/novalidate-cert}[]
</nowiki></pre>
</nowiki></pre>

Revision as of 17:09, 15 February 2006

På PVV kan du bruke imap eller pop3 til lesing av epost. Kun kryptert overføring av epost er støytta - dvs. imaps og pop3s. Dette er gjort fordi vanleg pop3 og imap overfører også passordet ditt i klartekst, og det er noko vi ikkje ynskjer. (Av same grunn tillet vi ikkje ukryptert telnet eller ftp til kontoen din, men du må i staden bruke ssh og sftp.)

Dei aller, aller fleste moderne epost-klientar støytter bruk av kryptert imap eller pop3. Du må gjere nokre endringar i oppsettet ditt samanlikna med vanleg imap og pop3.

Oppsett

PVVs imap- og pop3-servere heiter høvesvis imap.pvv.ntnu.no og pop.pvv.ntnu.no. For tida er dette tilfeldigvis på same maskin, men det er ingen garanti for at det vil vere sånn i framtida.

Det kan variere litt kva den krypterte varianten av imap og pop3 heiter i ditt epost-program, men omgrep som secure, SSL, sikker eller kryptert kan vere gode gjett.

Infoweb kan du finne informasjon om kordan du sett opp kryptert imap og kryptert pop3. (Artiklane er skrive av Orakeltenesta ved NTNU. Gje gjene tilbakemelding direkte til dei om du finn feil eller manglar i artiklane - eller berre vil takke dei :-) Orakeltenesta har dog ikkje ansvar for brukarstøytte for PVV.)

Hugs at det er restriksjonar på kven som får bruke PVVs (eller NTNUs) smtp-server til utgåande epost, så punktet om smtp-server må du modifisere til å passe din eigen ISP. Derimot er det ingen restriksjonar på bruken av IMAP og POP3.

Viss du får feilmeldingar eller opplever merkelege ting når du les eposten din med pop3 eller imap, kan du ta ein titt på sida for Client Issues hos dei som har lagd imap/pop3-serveren.

Pine

Dette er ~/.pinerc-syntaksen for å legge til PVV-imap i folderlista di i Pine:

# Innboks
inbox-path={imap.pvv.ntnu.no/ssl/novalidate-cert}INBOX

# alle dei andre
folder-collections={imap.pvv.ntnu.no/ssl/novalidate-cert}[]

Dersom du også vil ha tilgang til lokal mail i folderen ~/Mail, bruk:

folder-collections=Mail/[], {imap.pvv.ntnu.no/ssl/novalidate-cert}[]

(/novalidate-cert er der fordi sertifikatet til PVV er sjølvsignert, det vil seie at vi ikkje har kjøpt det av ein såkalla Certificate Authority (CA). Det har ikkje noko å seie for krypteringa.)

Det er mulig du må subscribe til foldere før de listes opp.

Brannvegg

Viss du må opne eller få opna ein brannvegg for å kunne bruke imaps og pop3, er det portane 993 (imaps) og 995 (pop3s) som brukast. Til samanlikning er det port 143 (imap) og 110 (pop3) for dei ukrypterte variantane.

Om tenesta

Her kjem litt teknisk informasjon om tenesta. Viss du er usikker på kva det betyr, treng du sannsynlegvis ikkje lese det - men på den annen side kan det jo vere lærerikt :-) Ang. format på mailfoldere så har tidlegare imap/pop3-servere på PVV berre støytta mbox, og viss du er usikker på kva du bruker, er det nok mbox.

PVV bruker Dovecot for å tilby imap og pop3. Dovecot støytter mailboksar i både mbox og maildir-format, noko ingen andre imap/pop3-servere gjer. Dermed kan du bruke webmail eller imap og pop3 generelt uansett om du har vald å bruke mbox eller maildir til å lagre eposten i.